+47 977 56 789 | post@jostedalcamping.no | Jostedalsvegen 3041 Gjerde | 6871 Jostedal | Norway | GPS: 61°37’50’N / 7°15’58’E
Jostedal Camping ligg nær alle aktivitetane i Jostedalen, midt mellom fleire brear og to nasjonalparkar
Velkommen til Jostedal Camping!
Campingplassen ligg solrikt, roleg og idyllisk til ved breelv på Gjerde i hjarta av Jostedalen. Campingen ligg berre eit steinkast unna alle dei spennande aktivitetane som Jostedalen byr på.
Vi ligg berre 3 minuttars køyring frå Breheimsenteret og er eit framifrå utgangspunkt for turar i dei to flotte nasjonalparkane Jostedalsbreen og Breheimen, nokre få km unna på kvar side av dalen.
Fasilitetar:
• 12 hytter av ulik standard og storleik
• 48 CEE 16A straumuttak
• Leige av el-sykkel
• El-bil ladestasjon (Easee), for 2 el-bilar
• Tømmestasjon for bubilar
• Særs godt drikkevatn (av det beste i Noreg)
• Kjøken og stort opphaldsrom
• Vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel
• Toalett og bad for rullestolbrukarar
• Stellerom for barn
• Benker og hellelagd uteplass ved elva
• Gratis WiFi
• 200 m til kolonialbutikk (Joker) med bensinpumpe
• 200 m til hotell og kafé, der du får god heimelaga mat
Campingprisar (kr / døgn) 2025
Vi har betalingsterminal for dei fleste korttypar
Høgsesong | Lågsesong | |
---|---|---|
Bil + telt, inkl. 2 pers. | 360 | 320 |
Bubil eller campingvogn, inkl. 2 pers. | 360 | 320 |
Motorsykkel + telt, inkl. 2 pers. | 260 | 230 |
Bil med taktelt inkl. 2 pers. | 320 | 280 |
Personbil inkl. 2 pers. | 270 | 240 |
Sykkel + telt, inkl. 2 pers. | 240 | 220 |
Ekstra vaksne 16+ (over 2 pers.) | 15 | 15 |
Ekstra telt | 90 | 90 |
Born 0–4 | Gratis | Gratis |
Born 5–16 | 10 | 10 |
Straumtilkopling | 50 | 50 |
Høgsesong: 10. juni – 28. august 2025
Vi ønskjer alle gjester velkommen, enten du vil leige hytte, kjem med bubil, campingvogn eller telt.
Jostedal Camping held normalt ope frå 1/5 til 15/10 for bubilar, campingvogner og telt. Alle hyttene er vanlegvis opne heile året (på førespurnad vinterstid). Vi er glade i hundar, so dei er også hjarteleg velkomne. Men ver snill å halde dei i band og bruk pose!