Aktivitetar

Nærleiken til breane gjer at Jostedalen er eit mekka for friluftsopplevingar både med og utan guide, sommar so vel som vinter.

Jostedal Camping ligg på Gjerde i Jostedalen, berre eit steinkast unna brear, nasjonalparkar og verneområde i og rundt Jostedalen. Difor er campingplassen eit framifrå utgangspunkt for ski- og fotturar, guida padle- og breturar på Nigardsbreen og ved Styggevatnet, rafting, fotosafari og andre naturopplevingar i nærområdet.

Jostedalen strekker seg nordover frå Sognefjorden (verdas lengste, isfrie fjord) til høgfjellet og byr på fantastisk natur med Jostedalsbreen nasjonalpark og Breheimen nasjonalpark på kvar si side av dalen.

Det er store naturopplevingar i dette fjellandskapet som er danna av breane over mange tusen år. Her finn du djupe dalar, mange brear og høge tindar. Midt i dette eldoradoet ligg Jostedal Camping, eit framifrå utgangspunkt for fjellturar med og utan fører. Du kan velje mellom lette og meir krevjande dagsturar, både på og utanom merka stiar. På Jostedal Camping er det oppslagstavler med kart, turbeskrivingar og bilete som viser mange fine turar du kan gjere på eiga hand i området rundt campingplassen.


Jostedalsbreen er den største isbreen på det europeiske fastlandet,
nær 500 km².


Aktivitetsbedriftene i Jostedalen kan gje deg spanande guida opplevingar i flott natur.

Avstand til næraste oppmøtestad (rekna langs vegen) er gjeve i km frå campingplassen.

  • Elvepurka tek deg med på rafting frå campingplassen om sommaren - 0,2 km (Jostedal Hotell).

  • Jostedalen Breførarlag har eit variert bre- og kurstilbod (mest om sommaren, men har og aktivitetar vinterstid) både på Nigardsbreen og andre brear - 2,5 km / 6 km (Breheimsenteret / Nigardsbreen parkering).

  • Icetroll gjev deg spanande padle- og breopplevingar sommarstid, blant anna på Styggevatnet / Austdalsbreen - 2,5 km (Breheimsenteret).

  • Fimbul Jostedal tilbyr flotte vinteropplevingar med toppturar og laussnøkøyring og tur til blåisgrotta under Nigardsbreen - 0 km (Jostedal Camping, etter avtale).

  • Norgesguidene tilbyr skreddarsydde turar og kurs på bre og fjell, sommar som vinter - 2,5 km (Breheimsenteret).

  • Friluftsliv - Fjellsport tek deg med på fine turar både sommar og vinter - 0 km (Jostedal Camping, etter avtale).

  • Fjord Active juving og brevandring, hovudsakleg om sommaren, med utgangspunkt i Leirdalen - 17 km (vegkryss mot Leirdalen).

 

 

Andre aktivitetar i nærleiken av Jostedalen:

  • Bre og Fjell har turar og kurs heile året, både på bre og fjell - 0 km (Jostedal Camping, etter avtale).

  • Lustrabadet, badeland for heile familien - 30 km (Gaupne).

  • Fjordseal tek deg med på flotte padleturar på Lustrafjorden (arm av Sognefjorden) om sommaren - 34 km (Marifjøra).

  • Adventure Tours har flotte RIB-turar og fossevandring med utgangspunkt i Lustrafjorden (arm av Sognefjorden), hovudsakleg om sommaren - 57 km (Skjolden).

 
 

Breheimsenteret ligg berre 3 minutt køyring frå Jostedal Camping. Nasjonalparksenteret er museum og møteplass for mange av dei guida breturane.