+47 977 56 789 | post@jostedalcamping.no | Jostedalsvegen 3041 Gjerde | 6871 Jostedal | Norway | GPS: 61°37’50’N / 7°15’58’E
Jostedal Camping ligg nær alle aktivitetane i Jostedalen, midt mellom fleire brear og to nasjonalparkar
Aktiv ferie i Jostedalen!
Rafting rett frå campingen
Brevandring på Nigardsbreen
Kombinert padling og brevandring
Fotturar i Jostedalsbreen- og Breheimen Nasjonalparkar, med eller utan førar
Juving og brevandring i Leirdalen
Toppturar på ski og
isgrotteopplevingar vinterstid
Velkommen til Jostedal Camping!
Campingplassen ligg solrikt, roleg og idyllisk til ved breelv på Gjerde i hjarta av Jostedalen. Campingen ligg berre eit steinkast unna alle dei spennande aktivitetane som Jostedalen byr på.
Vi ligg berre 3 minuttars køyring frå Breheimsenteret og er eit framifrå utgangspunkt for turar i dei to flotte nasjonalparkane Jostedalsbreen og Breheimen, nokre få km unna på kvar side av dalen.
Fasilitetar:
• 12 hytter av ulik standard og storleik
• 48 CEE 16A straumuttak
• Leige av el-sykkel
• El-bil ladestasjon (Easee), for 2 el-bilar (kan betale med VIPPS eller kort)
• Tømmestasjon for bubilar
• Særs godt drikkevatn (av det beste i Noreg)
• Kjøken og stort opphaldsrom
• Vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel
• Toalett og bad for rullestolbrukarar
• Stellerom for barn
• Benker og hellelagd uteplass ved elva
• Gratis WiFi
• 200 m til kolonialbutikk (Joker) med bensinpumpe
• 200 m til hotell og kafé, der du får god heimelaga mat
Vi ønskjer alle gjester velkommen, enten du vil leige hytte, kjem med bubil, campingvogn eller telt.
Jostedal Camping held normalt ope frå 1/5 til 15/10 for bubilar, campingvogner og telt. Alle hyttene er vanlegvis opne heile året (på førespurnad vinterstid). Vi er glade i hundar, so dei er også hjarteleg velkomne. Men ver snill å halde dei i band og bruk pose!
Filmer frå Jostedal
Padling på Styggevatnet
Rafting rett frå campingen
Brevandring – Nigardsbreen
Opplev breen kombinert med kajakk- eller motorbåttur på brevatn. Icetroll tek imot dei fleste aldersgrupper og erfaringsnivå.
Bli med på spennande rafting i Jostedøla! Icetroll / Elvepurka (Riverpig) tilbyr turar for både små og store.
Kom tett på blåisen med Jostedalen Breførarlag. Bli med på breturar av ulik lengde og vanskegrad.