Mob:+47 977 56789 E-post: post@jostedalcamping.no   Adresse: Gjerde, NO-6871 Jostedal, Norway
 

Heim

Jostedal Camping, tidlegare Gjerde Camping, har gode tilbod på overnatting i små og store campinghytter i Jostedalen, nær Jostedalsbreen Nasjonalpark og Sognefjorden. 



Campingplassen ligg idyllisk til der elva Krundøla møter Jostedøla. Plassen ligg om lag 5 km frå Nigardsbreen og Bergsetbreen og berre 30 km frå verdas lengste fjord. På Gjerde, der plassen ligg, er det kolonialbutikk, bensinstasjon og hotell med kafé, der du får god heimelaga mat.

Det er straumuttak for 30 einheiter (bubilar, campingvogner eller telt).

Gratis internettoppkopling (WiFi).



Det nye sanitæranlegget frå 2007 inneheld mellom anna nytt kjøkken, bad og toalett for rullestolbrukarar og stellerom for barn. Anlegget har også vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel.


Bilete frå det nye sanitæranlegget.



Frå campingplassen har du eit flott utgangspunkt for fjellturar, rafting i Jostedøla og brevandring på Nigardsbreen. Det er kort veg til andre aktivitetar som kajakkpadling på Styggevatnet og juving i Leirdalen. Like ved finn du også Breheimsenteret med museum og utstillingar.

På vinteren har du eit framifrå startpunkt for rennekøyring og toppturar, med eller utan guide.